Gunnar Kjøde – 90 år

– Misjon er ikkje landegrenser eller hudfarge. Misjon er møte med menneske.

I dag, torsdag 23. august, fyller Gunnar Kjøde 90 år. I Sambåndet  sommermagasin kunne du lese om eitt av hans mange engasjement: kristne feriereiser. I anledning dagen kan du nå også lese den her på nett.

————-

«Si-REISERs far», Gunnar Kjøde er krystallklar. Feriereiser i kristen regi vart starta av ein grunn: Misjon.

– Mennesket og tanken har blitt sekularisert og avkristna. Meir enn nokon gong før treng vi å forkynne Guds Ord til folket, seier han.

– På turar i kristen regi har vi eit eineståande høve til å nå menneske med kristen forkynning, opptil to veker samanhengande. Det er unikt i vår tid. Det er ein misjonsreiskap vi må gjere oss nytte av. Det var og er mitt hovudargument for slike turar.

– Det er Jon, ikkje meg.
90-åringen Gunnar Kjøde er kalla «Si-REISERs far», men er sjølv beskjeden når det gjeld si eiga rolle i selskapet. Det er disponent Jon Teigen som er gründaren, meiner han. Si eiga rolle er han ikkje oppteken av, men å tene misjonen har vore drivkrafta også i denne delen av hans mangfaldige gjerning for Gud.

Å arrangere turar i kristen regi var ei naturleg utvikling, meiner Kjøde. I løpet av 1960-åra vart det lovpålagt ferie for alle. Og feriedagane auka etter kvart. Misjonen såg utviklinga og ønskte å gjera noko for familiane, ha eit opplegg som tilfredstilla alle aldersgrupper. Det første steget var bibelcampane, som samla generasjonane til feriedagar og bibelsamlingar.

Buss til Danmark.
I takt med velferdsutviklinga vart også grensene utvida. Det kom mange tilbod om bussturar til Europa. Men mange følte seg ikkje heime i eit miljø der det mellom anna vart servert alkohol. Spørsmålet kom til kristenleiarane: Kan ikkje de gjera noko, slik at vi kan få oppleve turar i ei kristen ånd?

Dei tok utfordringa, og oppstarten var ein busstur til Danmark i 1979. Misjonsmannen Sven Ryborg inviterte gjestar til sitt hotell i Tönder. Ein fullsett buss med sunnmøringar la ut på langtur med Kjøde som reiseleiar og Teigen som sjåfør.

– Mange hadde aldri vore i eit anna land før, aldri opplevd å sjå eit anna folkeliv eller kultur. Dette var noko nytt, og turfolket kom «lukkelege» tilbake og ville ha meir, fortel Kjøde. Dermed var reiseselskapet Si-REISER AS eit faktum.

Møtt med skepsis.
Men ikkje alle syntes om det, minnes Kjøde. Han fortel om skepsis og motstand. Nokon meinte at misjonen tapte midlar. I staden for å bruke pengar på ferie, burde folk gi gåver til misjonen, var argumenta til motstandarane. Men Kjøde svara med å ta opp spørsmålet om forvaltning. Kva med hyttene, bilane og fritidsbåtane i millionklassa? Dette dempa kritikken, og gjorde reiser i kristen regi legalt. Og konseptet «Med Guds Ord til feriefolket» vart etter kvart godt motteke.

– Ein ferietur med Si-REISER er ikkje ferie frå Guds ord, men ferie med Guds ord, poengterer Kjøde.

Israel.
Gunnar Kjøde uttrykker glede over det han kallar «treklangen»; bussturar, sydenturar og Israelsturar. Han har vore reiseleiar og turpredikant på dei fleste typer turar. I 30 år var han mellom anna «fast inventar» på haustturane til Geilo og Haugen Hotell. Kombinasjonen med bibelferie på sydlegare breiddegrader kan han heller ikkje få fullrost nok. Mykje moro har det også vore, med god humor og fortreffelege episoder i inn- og utland.

Den aldrande misjonsleiaren blir (om muleg) endå varmare i uttrykket når han omtalar Israelsturane:

– Å vere i Getsemane, å knele, takke og ta imot nattverden ved Gordons Golgata. Å følgje Jesu lidingsveg til korset, og å stå ved den tomme grava. Det er ei andeleg fornying som har betydd mykje for misjonsvenner frå heile landet. Og det største av alt er at menneske har sagt ja til Jesus. Det finns ikkje noko større å glede seg over. Det handlar om misjon.


Saken stod på trykk i Sambåndets sommermagasin.
Tekst: Gudrun Longva

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.